Om PST
Politiets tryggingsteneste (PST) har som oppdrag å forstå, formidle og motverke dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket. PST er både ei etterretnings-, tryggings- og polititeneste. Oppgåvene våre er derfor mange og varierte.
PST skal
-
overvake og analysere innanlands truslar mot nasjonale tryggingsinteresser
-
førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken i riket
-
utarbeide analysar og trusselvurderingar
-
forstå og formidle trusselbiletet
-
beskytte myndigheitspersonar
Slik er PST organisert
PST er eit politiorgan og ein del av politietaten, men vi er politifagleg og administrativt direkte underlagde Justis- og beredskapsdepartementet. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for etterforsking og straffesaksbehandling, og Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) har påtalefagleg ansvar.
Politi- og lensmannsetaten i Noreg er
- Politidirektoratet
- Politiets tryggingsteneste (PST)
- 12 politidistrikt
- særorgan
- nokre andre einingar med nasjonale oppgåver
I tillegg er Svalbard eit eige politidistrikt, der Sysselmeisteren har myndigheit på lik linje med ein politimeister på fastlandet.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for den overordna styringa av politietaten.
Nokre av samarbeidspartnarane våre
PST er på plass i heile landet
Hovudkontoret til PST, den sentrale eininga (DSE), ligg i Oslo. I tillegg har vi medarbeidarar i alle politidistrikta i landet som jobbar med alle ansvarsområda våre. Distriktseiningane hentar inn informasjon, gjer vurderingar og set i verk tiltak med basis i den unike kunnskapen dei har om lokalmiljøet, og ut frå ein tett dialog med lokale samfunnsaktørar.
Tilsette i distriktseiningane er fagleg underlagde sjef PST, men er administrativt underlagde politimeisteren i sitt bestemte distrikt og er tilsette i politiet.
Den øvste leiinga i PST
Sjef PST er verksemdsleiar for den sentrale eininga (DSE) og har det faglege ansvaret for distriktseiningane til PST. Dei lokale politimeistrane, med unntak av politimeisteren i Oslo og Sysselmeisteren på Svalbard, er ansvarlege for verksemda til tenesta i kvart sitt distrikt, men under fagleg leiing av sjef PST. PSTs hovudkontor er ansvarleg for verksemda til PST i Oslo.
Strategien vår
-
Strategien avgjer korleis vi skal løyse samfunnsoppdraget vårt
Han fastset retninga for korleis tenesta skal utvikle seg dei kommande åra. Strategien har tre overordna mål.
-
PST forstår trusselbiletet
PST har oversikt over det nasjonale trusselbiletet i heile krisespekteret. Vi har relevante kapasitetar og effektive prosessar som sikrar at vi har informasjon vi raskt kan omsetje til vurderingar. På denne måten forstår vi det til kvar tid gjeldande trusselbiletet.
-
PST formidlar trusselbiletet
PST er ein synleg samfunnsaktør som bidrar til ei felles nasjonal situasjonsforståing om trusselbiletet. Trusselformidlinga frå PST set andre samfunnsaktørar i stand til å beskytte seg mot truslar og er med på å gjere samfunnet meir årvakent. Slik bidrar PST til å beskytte demokratiet og kritiske samfunnsfunksjonar.
-
PST motverkar truslar
PST har unike heimlar for å kunne setje i verk inngripande metodebruk overfor befolkninga i landet for å motverke truslar. PST forvaltar dette på ein tillitvekkjande måte og i tråd med rammene som er gitt oss.
Kven kontrollerer PST?
Fleire instansar kontrollerer PST: Stortinget, Riksrevisjonen og Det nasjonale statsadvokatembetet kontrollerer PST jamleg og ser til at verksemda blir driven innanfor dei gitte rammene. I tillegg fører domstolen kontroll, sidan PST treng godkjenning frå retten for å kunne bruke visse metodar.
Bandlegging av terrormidlar
Få oversikt over bandleggingssaker vi jobbar med no.
Ønskjer du å klage?
Alle som meiner at PST har gjort urett mot dei, kan klage til EOS-utvalet.